I want to ride my bicycle...

Sykkelveg på ei nedlagt jernbaneline i Chiusa, Italia

På to hjul i Europa


Vi begynte med å sykle på ferie i Europa i 2012. Det vart åtte sjølvorganiserte turar før koronasommaren 2020 sette ein førebels stopp. I 2022 var vi tilbake på sykkelen. Vi har hatt mellom 7 og 12 sykkeldagar og (minst) ein reisedag i kvar ende på kvar av turane.


På denne sida finn du generelle tips, korte rapportar frå turane, kartreferansar  og lenker til rutene vi sykla.

LOGISTIKK

Det blir ein del ekstra logistikk av å ta med eigne syklar på tur. Fordelen er at ein kjenner sykkelen godt og kan tilpasse og teste ut utstyr heime før ein drar. 


På dei fleste turane har vi kombinert fly og tog for å koma oss til og frå sykkelferie, men i 2018 og 2022 kombinerte vi båt og tog. Det er uansett lurt å bestille billettar i god tid. Det er rimelegare, og flyselskapa har ofte begrensa plass til syklar. 


Når vi flyr, pakkar vi syklar i sykkelaskar. Dei får du gratis i ein sportsbutikk. Det er lettast å få tak i høvelege askar tidleg i sesongen. Ein må uansett ta av framhjulet og ofte styret og setet for å få plass i askane. Vi beskyttar utsette delar  ved å polstre med bobleplast/ papp. Berekn god tid til å pakke syklar. Første gongen tok det eit par timar. 


Vi har ofte brukt same ask begge vegar, men når ein flyr til/frå ulike flyplassar, bør ein skaffe seg (opsjon på) nye askar før avreise.


Vi har gode erfaringar med å ta båt til startpunktet: Kielferja i 2018 og DFDS til København i 2022. Superspeed Hirtshals – Larvik og tog heim fungerte også utmerka. Derimot  var heimreisa med båt/tog frå Polen i 2018 meir langtekkeleg. 

OVERNATTING

Vi har basert oss på å sove inne. Fordelen er lettare bagasje og varm dusj etter kvar sykkeldag. Det trengst! Vi plar vaske klede undervegs for å sleppe å ha med meir enn to sett sykkeltøy. Sykkelveskene våre plar vega ca 10 kilo. Styreveske kjem i tillegg. 


På den første turen bestilte vi hotell frå dag til dag frå ei liste som vi sette opp på førehand. Det var litt masete, og tok ein del tid på kveldane.


På alle seinare turar har vi derfor bestilt hotell i god tid på førehand. Ulempa er at ein må legge ruta i god tid, turen blir mindre fleksibel, og det er alltid ein risiko for at nokon blir sjuke. Det har vi kompensert for ved å lage alternative dagsruter, og ved å ha ein plan for alternativ transport (tog).


Booking.com er ein god reiskap både for å orientere seg og for å bestille hotell. Vår erfaring er at ein ikkje bør gå under 8 gjestepoeng. Da vil det vanlegvis vera eitt eller anna gale med overnattingsstaden.


Men vi har også funne hyggelege hotell/ pensjonat via hotels.com eller ved å google (lands)byen vi vil overnatte i. Uansett er det lurt å bestille overnatting med gratis avbestilling, i tilfelle noko kjem i vegen.

UTSTYR

Ein god sykkel-GPS er gull verdt. Sjølv med god merking er det lett å oversjå eit skilt og sykle feil. Med ruta lasta ned på GPS'en og slepestrek på finn ein lett tilbake. Styreveske med feste til kartmappe/GPS er praktisk.


Det går å sykle berre på GPS, men papirkart gjer det lettare å halde oversikta undervegs. Utanfor større byar er målestokk 1:75 000 ideelt; i bytrafikk  blir det for grovt.


Dei første turane vart planlagt ved hjelp av Google Maps, men sidan 2016 har eg brukt Bikemap. Til å konvertere mellom gpx/fit og kmz-format bruker eg AllTrails.


Sjølv med service på sykkelen før avreise, må ein rekne med uhell. Vi har alltid med førstehjelpsutstyr, sykkelverktøy, pumpe, ekstra slange, lappesaker, eingongshanskar, antibac og strips i veska. Solkrem, myggolje og sinksalve (til sår bak) er kjekt å ha.


Vi syklar i sykkeltøy. To gode bleiebukser, to sykkeltrøyer, hjelm, hanskar, briller og goretex jakke og -bukse er minimums-utrusting. Sjølv har eg hatt gelpute på setet,  og sykkelsko frå og med andre turen. Vasstette pakkposar oppi sykkelveskene held kleda tørre og reine og er praktisk, også for å organisere bagasjen på tur.

2012: Langs jernteppet mellom Tsjekkia og Austerrike

Den første turen gjekk på ymse side av grensa mellom Tsjekkia og Austerrike, med ein liten sving innom Tyskland. Utan erfaring med å sykle på tur var vi usikre på kva som var realistiske dagsetapper, og baserte oss derfor på å bestille hotell frå dag til dag. Det var litt masete, men det gjekk stort sett greitt – med eitt unntak (meir om det seinare).


Tsjekkia er eit fantastisk sykkelland, med godt merka sykkelruter, og det er lett å få syklar med på toget (men det er lurt å bestille billettar i god tid om ein reiser i høgsesongen). Vi begynte å sykle i Železná Ruda (sørvest i Bøhmen), etter å ha tatt toget frå Praha. Syklane fekk plass i eiga sykkelvogn. Šumava har ein del sykkelturisme, og det finst til og med bussar med eigne sykkeltilhengarar, utan at vi brukte desse.


Dag 1. Železná Ruda – Srní (32 km)

Sidan vi starta dagen med å kjøre tog, vart avstanden første sykkeldagen ganske pynteleg. Ruta gjekk på godt merka sykkelveg i retning Kvilda. 

Dag 2.  Srní – České Žleby (56 km)

Dagen starta med ein god dose oppoverbakkar over fjellet (1155 m.o.h. på det høgaste). før det gjekk nedover igjen til Kvilda. Dette er hjartet av Šumava nasjonalpark. Det bur ikkje så mange i området, men det er likevel lett å finne stader å bu og eta.  Kaffepausa etter lunsj denne dagen tok vi på vertshuset U Pštrosa [Hos strutsen] i Horní Vltavice, der dei (sjølvsagt) hadde ein struts gåande utanfor. 

Dag 3. České Žleby – Aigen (49 km)

Frå hotellet vårt i České Žleby gjekk det nedover mot Haidmühle i Tyskland og dagens første grensepassering. Etter grensa fann vi ei nedlagt jernbaneline som hadde fått grusdekke og vorte til ein slak og fin sykkelveg. Lett å sykle! Etter dagens andre grensekryssing sjekka vi inn på hotell i Aigen im Mühlkreis, ein riktig hyggeleg liten by i Oberösterreich.  Vel verdt eit besøk!

Dag 4. Aigen – Lipno (40 km)

Den opphavlege planen var å sykle 32 lette kilometer til Přední Výtoň på den tsjekkiske sida av grensa, men vegen langs dalen var litt for trafikkert, så vi endte opp med å ta "the scenic route" opp og ned i dalsida. Resultatet var fantastisk utsikt, men nesten 1000 høgdemeter stigning. Med tung oppakning kjennest det godt i beina. Sidan viste det seg at alle overnattingsstader i Přední Výtoň var fulle. Det var helg og fint vêr, og ikkje noko sjakktrekk å bestille overnatting same dag. Dermed vart det overnatting i Lipno i staden.

Dag 5. Lipno – Český Krumlov (45 km)

Dagen etter tok vi ein avstikkar frå ruta langs grensa for å få med oss den vakre byen Český Krumlov, som står på UNESCOs verdsarvliste. Lite stigning og kort distanse gjorde dagen til ein kosetur med innlagt pannekakestopp. Byen er fantastisk flott, og har også mange hyggelege restaurantar.

Dag 6. Český Krumlov – Litschau    (60 km)

Frå Český Krumlov tok vi toget til České Budějovice for å spare tid. Det vart likevel den nestlengste dagsetappa på turen. Plutseleg var vi inne i ein stim av tsjekkarar på sykkel. Vi let oss igjen imponere av godt merka sykkelruter som dels gjekk på småvegar med lite trafikk og snille bilistar, og dels på det vi mistenkte var gamle militærvegar gjennom eit skogsområde. Dei var belagt med betongheller som ikkje var udelt festlege å sykle på. Vi forserte også ein flaumstor bekk på sykkel og fekk vaska kjedet.

Dag 7. Litschau – Znojmo (64 km) 

Tilbake i Austerrike vart det ein litt ufrivillig kviledag i Litschau da ein av turdeltakarane hadde pådratt seg ei lett matforgifting. For å ta igjen noko av det tapte tok vi lokaltoget frå Jindřichův Hradec til Šumna. Toget var lite og syklane fylte halve vogna, men tsjekkarane er ikkje vrange, så det gjekk bra.


Men derfrå kom vi i skade for å trille ned i ein canyon til Vranov nad Dyjí for å eta lunsj. Søt by, men det vart ein dyr lunsj målt i høgdemeter. Til alt overmål tok tre av oss ei bratt skogsrute ut av canyonen i eit forsøk på å unngå å sykle heilt opp att. Ikkje lurt! Moralen er: sjekk topografien før du legg i veg!


I Znojmo var sykkelferien slutt, og vi tok tog til Budapest, der vi leikte turistar ein dag og plukka opp nye sykkelaskar til heimturen. Dei fekk vi gratis på ein sykkelutleigebutikk. 

Foto: Heidi Lise Bakke, Steinar Lote, Elisabeth Bakke

Sykkelkart: Europa-Radweg Eiserner Vorhang. Teil 3. Am "Grünen Band" von der deutsch-tschechischen Grenze zum Schwarzen Meer. 1:300 000. Bikeline.


Cycloturistická mapa Třeboňsko. 1:55 000. Cycloturistická mapa Českobudějovicko. 1:55 000. Shocart.  

2013: Langs flaumstore elver i Sentral-Europa

Den andre sykkelferien var betre planlagt. Vi hadde meir erfaring, og visste omtrent kor lange dagsetappar vi kunne greie. Vi tok derfor sjansen på å bestille alle overnattingar på førehand. Det var fint å sleppe å styre med det undervegs.


Ruta følgde Donau frå Wien Schwechat til Bratislava, og deretter Donau og Morava nordover til Lanžhot, der vi dreia vestover gjennom vindistriktet i retning Znojmo og så sørover igjen til Donau. Ruta langs Donau er lettsykla, og det var derfor tettare mellom syklistane der enn i vindistriktet. Vi trefte særleg mange mellom Krems og Melk.


Dette er eit glimrande sykkelområde der sykkelrutene går oppå flaumvollar og gjennom jordbruksområde. Det er heller ikkje noko problem å finne fine stader å overnatte, og det er tett mellom pannekakeopsjonane.

Dag 1. Fischamend – Bratislava (58 km)

Den første sykkeldagen vart litt lenger enn planlagt pga ei feilnavigering som sendte oss ut i ein solsikkeåker. Dagen inneheldt også ei elvekryssing per båt ved Haslau (triveleg!) og ein lang, rett og lettsykla sykkelveg på flaumvollen på nordsida av Donau.


Dag 2. Bratislava – Mannersdorf (52 km)

Dagen starta med ein sving innom Devín - borgruinar frå 800-talet rett utanfor Bratislava. Der kunne vi observere forskjellen på vatnet i Donau og Morava der dei to elvene møtest. Den andre sykkeldagen vart også lenger enn planlagt, men det var fordi flaum i Morava tvinga oss på retrett. Det gjekk likevel greitt å koma seg over Morava med ferje litt lenger opp. Overnattinga var på ein vingard på austerrisk side av grensa, og bonden hadde sett eigenprodusert vin i kjøleskåpet vårt. 


Dag 3. Mannersdorf – Lanžhot (63 km)

Vi var leie av å sykle i vatn, og valde difor austerriksk side av grensa til Hohenau. Dermed vart også dette ein lang sykkeldag. Men det var ganske flatt, og lett å sykle på flaumvollar og forbi solsikkeåkrar. I Lanžhot var vi innlosjert på hotellet rett ved jernbanestasjonen, og det var ei oppleving på meir enn ein måte. Frokosten bestod av ei steikepanne med skinke og fire speilegg på toppen – per person! Standarden var elles omtrent som ein kunne vente av eit jernbanehotell, men verten var hyggeleg.


Dag 4. Lanžhot – Laa an der Thaya (64 km)

Planen var å sykle til Valtice langs grensa, men igjen sette ei flaumstor elv ein stoppar for det. Til gjengjeld kom vi over eit middelalderslag i Pohansko, og fekk hjelp til å finne sykkelvegen via Břeclav til Valtice. Den gjekk gjennom ein fin skog. Vi kryssa grensa til Austerrike på ein krøtterstig og over eit jorde for å spare kilometer – kanskje ikkje det ideelle rutevalet – og hadde ei punktering og eit kjedebrekk undervegs, men det fiksa karane lett.


Dag 5. Laa – Znojmo (42 km)

Dagens etappe var lettsykla og utan uhell. Tilbake i Tsjekkia vart det pannekaker til lunsj. Kviledagen i Znojmo vart bl.a. brukt til eit besøk i undergrunnen (det er 27 km med gangar under Znojmo, påbegynt på 1300-talet). Det vart også servert vin i katakombene.


Dag 6. Znojmo – Eggenburg (44 km)

Vi kom seint avgarde, men det var ein relativt kort etappe, og dermed ikkje noko problem. Vi sykla på småvegar i jordbrukslandskap. Sykkelparkeringa den natta var i den eine spisesalen på hotellet, for det var full fest i gata utanfor pga. ein vinfestival (det vart servert utmerka Grüner Veltliner).


Dag 7. Eggenburg – Krems (53 km)

Det vart ein omveg på over ei mil til Krems fordi enkelte i turfølgjet ikkje er så glad i trafikkert veg. Ei stund var vi utanfor kartet vi hadde med, men vart redda av GPS'en. Ruta gjekk forbi nydelege valmueåkrar og fine Langenloise. 

Foto: Heidi Lise Bakke, Steinar Lote, Elisabeth Bakke.

Krems er på UNESCOs verdsarvliste, men var merkeleg utdøydd på kveldstid. Vi fekk med oss gourmetrestauranten der.


Dag 8. Krems – Melk (39 km)

Dette var den kortaste dagsetappa, og dessutan ganske flatt. Det var dermed god tid til andre ting, som å eta is, ta bilde og drikke øl. Vi måtte dessutan ha med oss det fantastiske benediktinerklosteret i Melk – som er blant dei mest berømte klostra i verda. Berre biblioteket var verdt heile besøket (dessverre fotoforbod).

Dag 9. Melk – Amstetten (52 km)

Siste etappe gjekk langs Donau til Ybbs og så slakt oppover til Amstetten. Derfrå tok vi toget tilbake til Wien og ut til flyplassen igjen, der vi henta sykkelaskane våre og pakka til heimreisa. Dyrt, men praktisk å oppbevare askane på flyplassen i Wien medan vi var på tur.


Sykkelkart: Weinviertel. 1:100 000 & Donauradweg. 1:125 000 (begge frå freytag & berndt). Donau-Radweg, Teil 2: Österreichische Donau. Von Passau nach Wien. 1:50 000. Bikeline.

2014: Tatra-fjella rundt

Den tredje turen starta og slutta i Kraków. For å ha ein stad å lagre sykkelaskane bestilte vi rom på same hotell første og siste dag av ferien. Veldig praktisk, sidan flyplassen i Kraków ikkje hadde bagasje-oppbevaring som tar så store kolli.


Gamlebyen i Kraków er veldig fin, men har vorte ganske turistifisert sidan murens fall. Vi hadde ein halv dag der i kvar ende av turen. Men det meste av tida sykla vi i Slovakia, i området rundt Tatrafjella.


Denne delen av Slovakia er overraskande vakker, men har nokon av dei same ulempene som Noreg med tanke på tursykling. Det er ikkje alltid lett å binde saman gode ruter utan å ta delstrekningar på trafikkert veg. Men bilistane var stort sett greie, og det var nokre få strekningar med fantastisk sykkelveg med grønn stripe i midten 


Prisnivået var relativt lågt, og det var stort sett ikkje vanskeleg å finne stader å bu og eta, sjølv om det kravde litt meir planlegging enn i Tsjekkia og Austerrike. Igjen bestilte vi alle hotell på førehand.

Dag 1. Zakopane – Námestovo (58 km)

Dagen starta med ein liten togtur til Zakopane. Polske tog har krokar til å henge syklar på i kvar vogn; her har norske togselskap verkeleg noko å lære. Deretter juksa vi og tok funikularen Gubałówka opp til Droga Zubka Stanislawa for å spare nokre høgdemeter, før vi trilla vi ned mot den slovakiske grensa. Etter ein pannekakestopp rakk vi akkurat pensjonatet vårt før regnet sette inn.

Dag 2. Námestovo – Stará Bystrica (58 km)

Vi starta med ei strekke på ein utriveleg trafikkert veg, men det varte ikkje lenge før vi var på ein fredeleg grusveg gjennom skogen. Etterkvart steig den ganske mykje, før det gjekk bratt nedover igjen. Mellom Nová og Stará Bystrica var det ein heilt ny sykkelveg med midtstripe. Vel framme kunne vi beundre det astronomiske uret, fullført i 2009, og ei tre planta til minne om den tsjekkoslovakiske 1968-grunnlova som gjorde landet til ein føderasjon.  Hotellet vårt var eit gammalt pampehotell nesten utan folk, men til frokost kunne dei tilby ei panne med skinke og tre speilegg – per snute!

Dag 3. Stará Bystrica – Kraľovany (50 km)

Det var ein småkjøleg start på dagen, og eg fekk bruk for ullundertøyet eg alltid har med. "Snarvegen" eg hadde funne viste eg å vera ein bratt og gjørmete kjerreveg, men den tok heldigvis fort slutt. Totalt steig vi 1100 høgdemeter den dagen. Det var nedoverbakke siste biten, og igjen hadde vi flaks og kom fram rett før det begynte å regne skikkeleg. 

Dag 4. Kraľovany – Liptovský Mikuláš (57 km)

Etter ei kort strekke med trafikkert veg (rett nok med brei vegskulder) fann vi ein hyggeleg grusveg i retning Ružomberok, Andrej Hlinka's fødeby, der eg insisterte på å stoppe. Er ein nasjonalismeforskar, må ein nesten det. Byen er vel verdt eit besøk. Vi sykla rundt idylliske Liptovská Mara, og vel framme naut vi ein kald øl i kveldssola.

Dag 5. Liptovský Mikuláš – Tatranská Štrba (56 km og 1128 høgdemeter)

Denne dagen baud på kontrastar! Vi starta turen i solskinn på ny sykkelveg med grøn midtstripe. Den gjekk fort over i ein humpete, men idyllisk grusveg langs Váh-elva. Vi sykla forbi eit storkereir på toppen av ei pipe – og så kom regnet! Det vart tidleg lunsj og klesskift. Vi sykla vidare forbi Čierny Váh – veldig flott område og lite trafikk, og etter ein seig motbakke kom vi fram til hotellet vårt i Tatranská Štrba. Hotellvalet viste seg å vera ei tabbe. Hotel Rysy var slitent og restauranten var heller ikkje noko særleg. 

Dag 6. Tatranská Štrba – Levoča (61 km)

Vi starta dagen med ein liten togtur opp til Štrbské Pleso, og sparte dermed fleire hundre høgdemeter. Derfrå trilla vi nedover mot Tatranská Lomnica, der det vart ein utflukt med gondolbane i retning av Lomnický Štít, men vi droppa den øvste toppen pga. tåke. Området viste seg å vera mykje meir turistifisert enn resten av ruta. Pga. jukset på morgonen hadde vi eit netto fall på 800 meter i løpet av dagen, men det vart likevel ein lang dag. Ingen av oss sette pris på kombinasjonen av regn og sterkt trafikkert veg (helgeheimfart?) inn mot Levoča. Dessverre var nyvegen ikkje opna. I Levoča venta ein kviledag. Byen står på UNESCOs verdsarvsliste, og var litt prega av forfall, men elles veldig hyggeleg. 

Dag 7. Levoča – Stará Ľubovna (62 km)

Kviledagen brukte vi til å fikse håret (kvinnfolka) og drikke øl. Eg nytta dessutan høvet til å få bilde av meg sjølv saman med statuen av Ľudovít Štúr, mannen som kodifiserte det slovakiske språket, og besøkte museet i byen. Vegen vidare gjekk via eit tidlegare militærområde utan trafikk, men med dei keie betonghellene som vi syklistar hatar av godt hjarte. I 1952 jamna kommunistregimet ein heil landsby (Ruskinovce) med jorda for å gje plass til militæret. Dei 600 innbyggjarane vart flytta. 

Dag 8. Stará Ľubovna – Červený Kláštor (30 km)

Dagen starta med innkjøp av nytt bakdekk. Metalltrådane på innsida av det gamle dekket stakk stadig hol i slangen, og nå hadde karane fått nok av å lappe dekk for meg. Etter ein kort sykkeldag var vi komne nesten til den polske grensa, og det var god tid til sightseeing i Červený Kláštor. Vi fekk med oss museet og tok ein sykkeltur utan oppakning. Deilig!

Dag 9. Červený Kláštor – Nowy Targ 

Den siste sykkeldagen vart ein rein transportetappe til Nowy Targ, og deretter tog tilbake til Kraków. Ein god del trafikkert veg, og polakkane kjørte ikkje pent! Men vi kom oss på toget før pøsregnet braut laus. Totalt sett var 2014 dermed den våtaste turen, men mesteparten av regnet kom når vi ikkje sykla. Godt regntøy (Goretex) er likevel viktig når ein syklar i område med mykje fjell.


Kartet viser GPS-tracket vårt [lenke].


Sykkelkart: Turistický atlas Slovensko + cyclotrasy. 1:50 000. Shocart.

Foto: Heidi Lise Bakke, Steinar Lote, Elisabeth Bakke.

2015: Alpe-Adria frå Salzburg til Nova Gorica

Turen tok utgangspunkt i Alpe Adria Radweg mellom Salzburg og Grado, med ein avstikkar rundt Wörthersee. Igjen fann vi eit hotell (i Salzburg) som var villig til å oppbevare sykkelaskane for oss. Fordi det var klønete å koma seg tilbake til Salzburg gjennom Italia, valde vi å sykle til Nova Gorica, rett over grensa til Slovenia, der det i prinsippet skulle vera enklare å finne eit tog tilbake. Byen er ny, bygd etter krigen, men området var ein del av Habsburgmonarkiet i den store jernbaneutbyggingsperioden. 


Alpe Adria er ei flott rute på begge sider av fjella, men strekningane på nedlagte jernbaneliner i Italia er spesielt flotte. Ruta byr på fantastisk natur og fine byar, og kan kombinerast med både bading og fjellturar. 


Derimot viste ruta rundt Wörthersee seg å vera mindre interessant. Dette er eit turistområde med ein del biltrafikk, og det var ikkje alltid gode alternativ til bilvegen. Det var dessutan få eller ingen stader ein kunne bade utan å betale, sidan heile strandsona var privatisert. 


Dag 1. Salzburg – Bischofshofen (57 km)

Alpe-Adria Radweg startar på Mozartplatz og følgjer Salzach sørover. Ruta er relativt flat og lettsykla frå Salzburg - riktig idyllisk! Men mellom Golling og Werfen måtte vi over eit pass der det også var litt biltrafikk. Gradestokken kraup over 35 grader på det varmaste. Heidi si punktering nokre kilometer frå Salzburg førte til innkjøp av nytt dekk. Bischofshofen er kanskje mest kjent for hopprenn, men byen er riktig hyggeleg, med fleire bra pensjonat og trivelege restaurantar. 


Dag 2. Bischofshofen – Bad Gastein (53 km og over 1200 høgdemeter)

Om første etappe var varm og relativt flat, var dag 2 både våtare og meir bakkete. Starten på turen gjekk på sykkelveg langs Salzach, men så måtte vi opp i høgda (og litt ned igjen) for å unngå trafikken, Dagen baud også på eigen tunnel for syklistar og eit skikkeleg skybrudd som vi heldigvis såg koma. Vi søkte tilflukt på ein bensinstasjon og fann ein restaurant i Dorf-gastein som vi overtalte til å lage pannekaker til oss sjølv om det ikkje stod på menyen. #god service. Etter ein bratt bakke var vi framme og avslutta dagen med ein tur på Thermalbad. 


Dag 3. Bad Gastein – Spittal (52 km)

Dette er ein av dei mest spektakulære sykkeldagane vi har hatt på turane våre. Dagen starta med ein liten motbakke opp til Böckstein og toget som tok oss gjennom fjellet. Frå Mallnitz valde vi ei alternativ rute: grusveg på ei nedlagt jernbaneline med flott utsikt, etterfølgd av artige hårnålssvingar ned til Obervellach. Vi kosta også på oss ein liten tur med funikularen Kreuzeckbahn i Kolbnitz. Det var ikkje særleg utsikt (under tregrensa), men lokal folkemusikk på kjøpet. Inn mot Spittal an der Drau gjekk ruta langs jorde – riktig hyggeleg! Denne strekninga er også ein del av Drauradweg.


Dag 4. Spittal an der Drau – St. Jakob im Rosental (63 km)

Vi heldt oss stort sett på Drauradweg, som følgjer elva (mest grusveg), og nytta høvet til å ta ei elvekryssing per båt ved Feffernitz. Sidan vi sykla nedstrøms, skulle det vera lett å ta seg fram. Men uvêret dagen før hadde velta mange store tre langs elvebreidda, og det førte til at vi tidvis måtte sykle rundt. Vi hadde dessutan ei ny punktering, og ein geitekilling blanda seg inn. Det var godt og varmt, og etter lunsj i Villach stoppa vi og bada i Silbersee.


Dag 5. St. Jakob im Rosental – Klagenfurt (36 km)

Det var ein ny veldig varm dag, og vi såg derfor etter ein stad å bade langs nordsida av Wörthersee. Sidan det meste var privatisert, endte vi med å betale for å koma ned til vatnet. Området er vakkert, men veldig turistifisert, og det var ein del meir trafikk på småvegane rundt vatnet enn vi hadde venta. Dette er ein avstikkar frå Alpe-Adria Radweg, og kunne gjerne vore droppa. Klagenfurt er i og for seg ein fin by, men ikkje noko must.


Dag 6. Klagenfurt – Villach (47 km)

Frå Klagenfurt sykla vi tilbake langs Wörthersee i retning Villach, men nå på sørsida. Det var ikkje særleg betre. Vi hadde tenkt å sykle opp til Pyramidenkogel (utkikkspunkt), men igjen var det rett og slett for varmt, og vi sette derfor kursen for Villach og ein velfortent kviledag. På kviledagen vart det klesvask og ein tur med gondol opp til Gerlitzen, ein vintersportsstad.


Dag 7. Villach – Tarvisio (39 km)

Tilbake på Alpe Adria Radweg gjekk det oppover til Tarvisio på den italienske sida av grensa, stort sett på dedikert sykkelveg. Det var ein kort etappe, og vi var tidleg framme, etter å ha stoppa for å eta lunsj på grensa. Heidi snørte på seg joggeskoa – vi andre tok oss ein øl i sola.


Dag 8. Tarvisio – Venzone (61 km)

Stort betre kan ikkje ein syklist ha det! Vi sykla på dedikert sykkelveg nesten heile dagen - og for nokre sykkelvegar! Ein god del av turen gjekk på ei nedlagt jernbaneline, og i eitt tilfelle var sykkelvegen så ny at den eigentleg ikkje var opna enno. Men vi sykla der likevel. Det var netto nedoverbakke, så lange tak kunne vi berre trille. Venzone er dessutan ein fantastisk vakker liten by, og vel verdt eit besøk.


Dag 9. Venzone – Palmanova (83 km)

Dette var den klart lengste etappen, og det var igjen veldig varmt. Vi stod derfor opp tidleg og var igang rett etter 8 om morgonen. Vi starta dagen på ny sykkelveg med heilt fersk asfalt. Elles gjekk ruta mykje på småvegar. Det var stort sett uproblematisk, men sidan det var veldig tørt, var grusvegane veldig støvete. Vi nytta derfor høvet til å spyle syklar på det utmerka hotellet vårt i Palmanova. Vi la ruta bevisst slik at vi kom til denne byen med stjerneform, og vi budde midt i smørauget. Aircon på rommet var ein sikker vinnar. 


Dag 10. Palmanova – Nova Gorica (38 km).

Den siste sykkeldagen tok vi av frå Alpe Adria Radweg og sette kursen mot Slovenia. Ruta la vi med utgangspunkt i italienske sykkelkart stort sett på småvegar og i jordbruksområde. Temperaturen kom opp i over 40 varmegrader. Alle stopp var derfor i skuggen, og lunsjen tok vi på ein snobbete restaurant med aircon og pasta til temmeleg stive prisar. Nord-Italia var i det heile overraskande dyrt. 


Vel framme i Nova Gorica fann vi ut at jernbanestasjonen var stengt. Vi fekk kjøpt billett til Jesenice på lokaltoget, men der var det bom stopp. Billettsalet på stasjonen var stengt, og ein brysk konduktør nekta oss å gå på intercitytoget utan sykkelreservasjon. Vi fann ut at vi kunne bestille via ei austerriksk side, men ingen tog den dagen hadde ledig plass. Nå var gode råd bokstaveleg talt dyre.

Foto: Heidi Lise Bakke, Steinar Lote, Elisabeth Bakke.

Det var ingen maxi-taxi å oppdrive i Jesenice. Løysinga vart å bestille ein stor bil frå den austerrikske sida av grensa som kjørte oss til Villach. Derfrå tok vi tog tilbake til Salzburg. Moralen er: bestill billett i god tid!

Sykkelkart: Alpe Adria Radweg & Drau-Radweg. 1:50 000. (begge frå Bikeline). Wörthersee Klagenfurt am Wörthersee. 1:25 000. Kompass. Udine Palmanova & Collio. 1:25 000. (begge frå Tandem).


Ruta finst på AllTrails [lenke].

2016: Berlin – Praha langs Spree og Elben

Avstanden mellom Berlin og Praha er berre litt over 35 mil, men det er ikkje noko problem å få ein mykje lenger tur ut av det. Vi begynte med å sykle gjennom Spreewald og langs Spree til Bautzen, der vi hadde ein kviledag. Deretter kryssa vi eit høgdedrag over til Dresden, og følgde Elbe-Radweg til Praha. Vi hadde eigentleg tenkt å ta toget tilbake til Berlin, men var for seint ute med å bestille togbillettar. Det vart ekspressbuss på motorvegen i staden. Det var også vanskelegare enn venta å finne eit hotell i Berlin som kunne oppbevare sykkelaskane for oss, men det gjekk til slutt. 


Både Tyskland og Tsjekkia er flotte land å sykle i. Det er eit stort nettverk av imponerande godt merka sykkelvegar i begge land. Ruta gjekk i stor grad i nærleiken av elver og var ikkje særleg bakkete, men overraskande variert. 

Dei første fire åra var vi fire på tur. I 2016 var vi berre tre, etter at syster Heidi omkom i ei tragisk ulykke hausten før. 


Dag 1. Berlin – Neu-Helgoland (39 km)

Første etappe starta med sightseeing per sykkel i Berlin langs Mauerweg, der vi fekk med oss East Side Gallery før vi passerte Köpenick og Müggelsee på veg til idylliske Neu-Helgoland ved Spree. Vertinna samla på grisar. Ein av dei er avbilda.


Dag 2. Neu-Helgoland – Alt Schadow (66 km)

Turen gjekk gjennom skog (Spreewald) der trea stod på geledd, langs vatn og gjennom jordbrukslandskap, og vi klatra opp i eit tårn der vi fekk utsikt til Blocksberg. Lendet var flatt og lettsykla. Drøye 6 mil var derfor heilt greitt.


Dag 3. Alt Schadow – Burg (71 km)

Nå var vi tilbake på Spreeradweg. Vi sykla langs kanalar og på grusveg gjennom kulturlandskap. Det var eit eldorado for kanofart, med eigne sluser. Det var ikkje bruk for jakke: godt og varmt, og to ispausar. Den eine var i fine Lübbenau. Vi vart skuldige kaloriar. Overnatting i den hyggelege kanohavna i Burg.


Dag 4. Burg – Spremberg (62 km)

Vi sykla vidare på Spreeradweg. Dette var den store flomvolldagen, dels på grus, dels på asfalt. Ein eikeskog med eføy vekte beundring. Igjen gjekk vi på ein smell, og minst to av oss vart skuldige kaloriar også denne dagen. Det vart ein svipp innom gamlebyen i Cottbus - absolutt eit hyggeleg bekjentskap, og ikkje berre pga. pannekakene.


Dag 5. Spremberg – Bautzen (73 km)

Turen starta som dagen før, på flomvollar langs elva, men elles var det variert næringsveksemd å sjå. Vi passerte ein solcellepark og ein gjeng med vindmøller, eit kolkraftverk, eit militærområde, ein skurtruskar i aksjon (til stor glede for ein av karane), ein solsikkeåker og krytyr av ymse slag. Omsider vart det også nokre motbakkar – den siste biten til Bautzen, der ein velfortent kviledag venta. Bautzen er ein veldig flott by, og sidan dette er kjerneområdet for den sorbiske minoriteten, vart det også museumsbesøk. Interessant!


Dag 6. Bautzen – Dresden (82 km)

Dette var den lengste etappen, og det var ikkje noko sjakktrekk å legge den til ein sundag. Vi sleit med å finne ein open restaurant og måtte tære på nødprovianten. Vi sykla opp og ned, over jorde, gjennom skog og små landsbyar i kupert terreng. Vi fann ein lunsjstad 7 kilometer før Dresden, men da hadde vi sykla over sju mil og var både svoltne og tørste. 


Dag 7. Dresden – Bad Scandau (57 km)

Dette skulle vera ein relativt kort sykkeldag, men så rauk festet på sykkelveska til ein av karane, og dermed fekk vi oss ein rundtur i Dresdens sykkelbutikkar før vi kom oss vidare. Sykkelmessig var dagen rett og slett flott. Det var eit heilt anna turisttrykk langs Elbe-Radweg enn så langt på turen. Området blir kalla det saksiske Sveits, og ikkje utan grunn. Vi kompenserte for den ufrivillige slankekuren dagen før med å eta is tre gonger.


Dag 8. Bad Schandau – Ústí nad Labem (51 km)

Vi starta dagen med ein ferjetur over Elben og fin tur i flott natur mot grensa til Tsjekkia. På grenseovergangen stod eit gammalt Tsjekkoslovakia-skilt. Etter ei stund var sykkelvegen sperra, og vi måtte sykle i trafikk etter å ha kryssa elva på ein skikkeleg holk av ei kabelferje. Utruleg nok var omkjøringa godt merka. Det vart pannekaker til lunsj - laga på oppfordring på ein liten restaurant langs vegen. Dei hadde også nydeleg bringebær-lemonade. Overnattinga var på eit bryggeri, og vi naut det lokale brygget til tsjekkisk tradisjonsmat.


Dag 9. Ústi nad Labem – Mělník (80 km)

Dagen starta med montering og tilpassing av ny framskjerm til sykkelen min, etter at den gamle datt av dagen før. Vi hadde ein fin start på dagen langs elvebreidda. Vi fekk kjøre sykkel i trapper (igjen). Det vart lunsj i fine Litoměřice og ein sveip bortom Terezín (brukt som konsentrasjonsleir under krigen). Trugande skyer gjorde at vi droppa museet. Så kom regnet med torden og lyn, og vi fekk testa utstyret. Dagen vart avslutta med nydeleg middag, inkludert pannekaker, i Mělník.


Dag 10. Mělník – Praha (64 km)

Siste sykkeldag baud på ein variert tur gjennom natur og småbyar langs Vltava med fine sykkelvegar og to stistrekningar (den eine litt skummel) til glede for ein av karane. Det var også fleire sluser og elvekryssingar, samt eit par slott undervegs. På siste sykkeldagen nytta vi høvet til å ta ein øl til lunsjen. Det gjorde ikkje dei siste bakkane opp til hotellet lettare.


Dagen etter sette vi igjen kursen for Berlin. Vi brukte ein ekstra dag der til sightseeing per sykkel og ein ekskursjon til Tysklands største sykkelbutikk. Eit litt uventa problem oppstod da vi skulle ut til flyplassen: det var overraskande vanskeleg å få tak i ein bil som var stor nok til å romme oss og sykkelaskane.


Sykkelkart: Spree-Radweg. 1:50 000. Elbe-Radweg 1. 1:75 000. Radkarte Spreewald. 1:75 000 (alle tre frå Bikeline).  Radtouren-führer Sächische Städteroute Teil 1. Sachsen Kartografie.

Foto: Steinar Lote, Elisabeth Bakke



Ruta finst på AllTrails [lenke].

2017: Tour de France – turklassen

Frankrike er eit flott sykkelland, berre så det er sagt. Sykkelvegnettet er på høgde med Tsjekkia, og det seier ikkje lite. Vi kosa oss med å sykle langs elver og kanalar under store, skyggefulle tre.


Vi starta turen på Paris Orly flyplass, der vi vart henta av gratis shuttlebuss og kjørt til hotellet vårt, slik at vi i ro og mak kunne pakke ut syklane morgonen etter. Planen var å sykle til Basel, men for å få det til å gå opp med tid og avstand, måtte vi jukse og ta tog eit stykke. Ruta følgde Seinen langs det som skal bli eurovelo 3 den første dagen, og så "hoppa vi" (med tog) til eurovelo 6. Berre sistnemnte var godt merka, men det var ikkje særleg vanskeleg å følgje Seinen.  


Fram til 2017 auka vi dagsetappene kvart år, men dette året vart det litt for mange lange etappar på starten av turen. Etappene blir nesten alltid litt lenger enn planlagt fordi vi syklar feil eller må ta små omvegar for å finne stader å eta lunsj. I Frankrike var dette faktisk eit problem. 


Aberet med Frankrike som sykkelland er at det var skuffande vanskeleg å finne pannekaker på den tida av eftan som vi etterspør kaffe og pannekaker, og at lunsjregimet deira er direkte upraktisk når ein er på sykkelferie. Dei serverer lunsj mellom 12 og 14, dvs. at ein må finne lunsjstaden seinast 13:00, om ein skal ha tid til å eta. Vi starta turen under ei heitebølgje, og det var ein fordel å sykle lengst mogleg før det vart grisevarmt. Da er tidleg lunsj ein uting. For første og einaste gong gjekk eg ned i vekt på sykkelferie. Den såg eg ikkje koma!



Dag 1. Paris Orly – Fontainebleau (71 km)

Det vart ein ganske sveitt første dag langs eurovelo 3. Forbi Paris følgjer ruta Seinen på ymse side, men vi tok ein shortcut den siste biten inn til Fontainebleau. Denne delen av eurovelo 3 er ikkje merka, men var likevel i hovudsak grei å sykle. Heldigvis vaks det tre som kasta skugge langs elvebreidda.


Dag 2. Fontainebleau – Cosne-Cours-sur-Loire (tog) – Nevers (80 km)

Vi starta dagen med ein tur med lokaltoget frå Fontainebleau Avon til Cosne-Cours-sur-Loire. Derfrå følgde vi eurovelo 6 langs Loire. Det var  bilfritt og fint, men ingen servering.  Vi måtte derfor først avvike frå ruta for å få lunsj, og deretter for å bunkre vatn. Det kosta oss 12-13 ekstra kilometer. Temperaturen nærma seg faretruande 40 grader denne dagen. 


Dag 3. Nevers – Bourbon-Lancy (79 km)

Det var ein ny varm dag. Etter nydeleg frokost på terassen sykla vi første del av dagen på dedikert sykkelveg langs Canal Latéral á la Loire, medan siste del vart ein ekskursjon på den franske landsbygda. Det vart også nokre tunge bakkar, med kaffepause på ein hyggeleg kafé på toppen av bakken som premie. Den nederlandske dama som dreiv kafeen brydde seg heldigvis ikkje om franske opningstider. Men vel framme på hotellet oppdaga vi at vi måtte sykle meir for å få oss middag, så da nærma vi oss 90 km før dagen var omme.


Dag 4. Bourbon-Lancy – Hautefond (53 km)

Endeleg ein kort sykkeldag! Vi var framme på motellet vårt med aircon og svømmebasseng før fire, og kunne slappe av med ei bok før middag. Rein luksus for ein sliten kropp! Men før det sykla vi igjen langs kanalen det meste av dagen og ein stad gjekk kanalen til og med i akvadukt over elva. God lunsj fekk vi i Digoin.


Dag 5. Hautefond – Ecuisses (57 km)

Dagen starta med lett sommarregn. Kombinasjonen av goretex og motbakkar gjorde at vi sveitta trass meir normal norsk sommartemperatur. Ruta gjekk stort sett på småvegar, og bakkane var prisen vi betalte for å unngå biltrafikk. Det var sundag og vanskeleg å finne ein stad å eta lunsj. Igjen erfarte vi at kvite dukar på lunsjstader var eit dårleg teikn – dyr og dårleg mat. Fordi det var sundag var det ingen mat å få på hotellet, og den eine opne restauranten i landsbyen var full. Det vart taxi til nærmaste restaurant som var open.


Dag 6. Ecuisses – Chalon-sur-Saône (55 km)

Dagen starta med gråver og jakketemperatur, og så snart vi starta på motbakkane begynte det å dryppe frå himmelen. Men det gav seg fort, og etterkvart kom sola. Vi sykla opp og ned bakkar i jordbrukslandskap, og på slutten av dagen igjen langs kanalen - denne gongen Canal Central, og nedstrøms. Det var definitivt lettare. Vi var lei av dyr og dårleg mat, så det vart (super) lunsj i det fri med baguettar og ost innkjøpt på bakeri og supermarknad. I Chalon venta ein velfortent kviledag som gjekk med til klesvask og generelt slaraffenliv.


Dag 7. Chalon-sur-Saône – Saint-Jean-de-Losne (64 km)

Vi starta frå Chalon i norsk sommartemperatur. Det var lett å sykle  - stort sett flatt og medvind langs Saone. Men etter lunsj kom varmen, og da skulle vi gjerne hatt motvind. Vi sykla forbi opptil fleire solsikkeåkre, som alltid er ein favoritt. Vi budde midt i sentrum i ein bygard med hyggeleg bakhage og hadde tid til sightseeing før sola gjekk ned.


Dag 8. Saint-Jean-de-Losne – Quingey (67 km)

På starten av dagen sykla vi igjen langs Saone, med hyggeleg kaffestopp i Dole og pizza til lunsj. Dagens hotell (med aure som spesialitet) låg i eit anna dalføre over ein hump i terrenget, noko som medførte nokre tunge høgdemeter på slutten av dagen - og dei same høgdemetrane i motsett rekkefølgje morgonen etter. Men det var god utsikt.


Dag 9. Quingey – Baume-des-Dames (65 km)

Det var den franske nasjonaldagen, og vi feira med etegilde. Først vart det pannekakestopp (endeleg!) i Besancon etter at vi hadde kome oss tilbake til eurovelo 6. Lunsjen tok vi på eit boulangerie - fantastisk! Dei hadde quiche og andre smårettar, og kakedisken var noko for seg sjølv (sjå bilde). 500 meter før mål stoppa vi og trykte i oss ein is - og så vart det sjølvsagt middag på kvelden. Sjølve nasjonaldagsfeiringa var heller skuffande; fyrverkeriet var avlyst.


Dag 10. Baume-des-Dames – Autrechêne (86 km)

Vi hadde ein veldig flott start på dagen: Perfekt temperatur og flott natur. Vi begynte å nærme oss Sveits, og det var litt meir bulkar på terrenget rundt oss. Det vart kaffepause i idylliske Isle-les-Doubs. Vi prøvde å blåse i franske lunsjtider, og det straffa seg. Men vi fann eit bakeri til slutt. Det vart igjen ein lang sykkeldag, og særleg for karane, som sykla ei drøy mil ekstra for å handle ingrediensar til middag. Vi budde på ein bondegard langt utanfor allfarveg og eg måtte kokke.


Dag 11. Autrechêne – Basel (83 km)

Vi starta på det franske bondelandet, var innom Tyskland og tok ein is og ein øl, og avslutta dagen med mexikansk mat i Basel. Siste sykkeldagen vart på 83 kilometer langs diverse kanalar. Ei stund hadde vi også gleda av å trille medstrøms. Vel framme i Basel oppdaga vi at det var eit yrande badeliv i Rhinen. Folk kom flytande på badesekkar som dei også hadde sakene sine i. Det måtte vi sjølvsagt prøve, 


Vi hadde ein fridag i Basel før vi sette oss på toget til Zürich for å fly heim. Det var ein relativt dyr by. Men det var heilt uproblematisk å få billettar både til oss sjølve og syklane. 

Ein viktig grunn til å fly heim frå Zürich var at det faktisk er mogleg å kjøpe nye sykkelaskar og få syklane pakka inne på sjølve flyplassen. Det var ei elegant løysing på logistikkproblema, sjølv om det kosta litt. 

Foto: Steinar Lote, Elisabeth Bakke.


Sykkelkart: Eurovelo 6. Atlantic - Basel. 1:100 000. Huber.


Ruta finst på AllTrails [lenke].


2018: Austersjøkysten frå Kiel til Swinoujscie

Prologen starta på gardsplassen heime. Vi sette oss på syklane og trampa i veg i retning Kielferja. Vi tok ein øl medan vi venta på lugar, og åt ein betre middag i restauranten om kvelden. Det var deilig å sleppe alt maset med  å pakke syklar. Langt å foretrekke framfor å fly!


Vi sykla av ferja i Kiel dagen etter og sette kursen for det holsteinske Sveits. Hovuddelen av turen følgde eurovelo 10 frå Lübeck til Swinoujscie med nokre krusedullar, bl.a. på Rügen. Medan Holstein er ganske kupert, var ruta langs Austersjø-kysten i hovudsak flat. Det er mange fine byar i området - inkludert Stralsund, der vi hadde kviledag. 


Dette var den varmaste sykkelferien ever. Varme er ikkje vanlegvis noko problem i Nord-Tyskland, men dette var den kjempevarme sommaren 2018, og det prega turen på godt og vondt. Tre av oss vart dessutan leie av å sykle i sand. Med eldste nevø var vi igjen fire på tur.



Dag 1. Kiel – Niederkleveez (55 km)

Dagen starta med frokost på utsiktsdekket på Kielferja og slutta med ein Flensburger på det hyggelege ferjehuset ved Dieksee etter ein dag på ymse underlag, frå asfalt, via betong og grus til brustein. Vi sykla i flott og bølgande landskap gjennom det holsteinske Sveits, med åkrar, skog og sjøar. Pannekaker i den søte vesle byen Plön, omgitt av vatn på fleire kantar, var perfekt før den siste vesle biten til mål.


Dag 2 Niederkleveez - Lübeck (66 km)

Det vart ein varm og støvete dag på sykkelen, men det holsteinske Sveits er vakkert og baud dessutan på nokre bakkar til glede for den yngste og den eldste i turfølgjet. Vi starta dagen med å sykle langs idylliske Dieksee og Kellersee, og fann eit bakeri i Eutin. Derfrå gjekk ruta gjennom jordbrukslandskap, mykje på grusveg. Vel framme smakte ein kald øl godt. Vi fekk også tid til litt sightseeing før middag i Lübeck, ein riktig sjarmerande Hansaby.


Dag 3 Lübeck - Wismar (78 km)

Dette var den lengste dagsetappen, og det kjendest godt i beina. Vi valde bort kysten for å spare kilometer, og dermed vart det mykje skog (inkludert eit parti på humpete stig) og jordbruksland med vindmøller også denne dagen. Etter lunsj i Klutz nådde vi omsider kysten og kunne observere badelivet. Det var igjen skrekkeleg varmt og støvete, og overnattinga var ei kjempevarm loftsleiligheit utan aircon. Ingen vinnar!

 

Dag 4 Wismar - Bad Doberan (62 km)

Det meste av dagen sykla vi på eurovelo 10, som er godt merka. Vi fekk omsider bada, men konkluderte med at det var mykje mas for å få lauga seg. Den siste biten inn til Bad Doberan var riktig flott: sykkelveg langs smalspora jernbane som vi trudde var nedlagt, men da vi åt middag, tøffa det eit tog nesten gjennom restauranten (sjå bilde).


Dag 5 Bad Doberan – Marlow (69 km)

Bad Doberan er ein avstikkar frå eurovelo 10, men tilbake på ruta var vi plutseleg i ein stim av sykkelturistar. Fram til ferjeleiet i Warnemünde var det mykje dedikert sykkelveg. Så bar det rett til skogs. På slutten av dagen var det igjen jordbruk og vindmøller da vi sykla inn i landet mot Marlow. Der vart det middag på hotellet og ei lita utflukt om kvelden for å sjå på måneformørkinga. Veldig fint!


Dag 6 Marlow – Stralsund (58 km)

Vi hadde bestemt oss for kviledag i Stralsund, og måtte ta ein shortcut langs lokale og regionale sykkelruter for at dagsetappa ikkje skulle bli for lang. Dagen starta og slutta med cruising på fin asfalt. Men mellom det var det alt frå betong via grus til sand. Når ein ikkje trur det kan bli verre, dukkar det opp ein gammal kjerreveg med ganske grov stein. Vi sykla gjennom gamle kollektivbruk (med utkikkstårn) og gjennom skog. Der var det dårleg med lunsjstader, så den kom ei mil før mål. Stralsund er ein riktig hyggeleg by med eiga gjestehavn og mykje å sjå på.  


Dag 7 Stralsund – Sagard (52 km)

Dagen starta med ein ferjetur over til Rügen, Tysklands største øy. Det var ein lett sykkeldag, med mykje asfalt, berre litt betong gjennom nokre enorme kornåkrar, og eit par km i bushen på sandete underlag – til glede for den yngre garde. Det var omtrent som å sykle i ei sandkasse. Det var dessutan dårleg med lunsjstader, så vi måtte ta til takke med McDonalds, men vi tok det igjen med treretters middag på det hyggelege hotellet vårt. 


Dag 8 Sagard - Ketelshagen (58 km)

Rügen er flott, og nå var det tydeleg at vi var i eit ferieområde. Tidvis store turistmaskinar og enormt med trafikk (heldigvis sykkelveg). Men også tidvis veldig idyllisk, med ein del bulkar på terrenget. Ruta inkluderte ei sykkelferje på kanskje 50 meter i Seedorf, og da vi åt middag i Putbus, 5 km før mål, fekk vi også sjå det lokale damptoget Rasender Roland. Overnattinga i eit gammalt gudshus var ei oppleving. Det alter-native gjøkuret vrinska (ein liten hest kom ut).  


Dag 9 Ketelshagen - Greifswald (45 km)

Sykkelruta starta med ei strekke på ei gammal jernbaneline (alltid ein favoritt), deretter langs nokre jorde, så fin asfaltsykkelveg fram til ferja, og dermed sa vi takk for oss på Rügen. Tilbake på eurovelo 10 fekk vi igjen prøvd oss på stisykling, men vart etter kvart leie av å vera på jordet og tok ein snarveg. Dermed vart dette kortaste dagen. Etter ei kort sjarmøretappe langs kanalen frå Greifswald fann vi ferjehuset vi overnatta på. Vi hadde medvind og (i starten) overskya ver, så det var ein grei sykkeldag.


Dag 10 Greifswald - Wolgast (50 km)

Vi sykla vidare langs kysten, og fekk litt regn , heldigvis medan vi drakk kaffe og åt Kaiserschmarrn (opprivne pannekaker). Dagen baud også på solsikkeåkrar (alltid ein favoritt), ein fin ferjetur frå Freest til Peenemünde, og ikkje minst, turens kulturelle innslag: besøk på ubåtmuseum og rakettanlegg i Peenemünde. Det var riktig interessant og vel verdt eit besøk. 


Dag 11 Wolgast - Swinoujscie (58 km)

Siste dagen av turen var vi stort sett på Usedom, Tysklands nest største øy, men vi overnatta rett utanfor Swinoujscie i Polen. Dermed vart det ei grensekryssing på sykkel dette året også. Det vart mykje sand og grus også siste dagen, og humpar i skogen. 16 prosent stigning er ikkje min form for humor. Vi sykla langs ei 12 km lang sandstrand (turisthelvete), der det var veldig tett med syklistar, og overnatta ved ein idyllisk sjø.


Morgonen etter starta vi på heimvegen: sykkel til ferjeleiet i Swinoujscie, deretter båt til Ystad, der vi overnatta og tok tog vidare. Det vart ei ganske langdryg affære, bl.a. fordi det var buss for tog (som ikkje tok med syklar) på norskesida av grensa. Men vi slapp å pakke syklar.



Sykkelkart: Ostseeküsten-Radweg. Von Riga nach Lübeck. 1:85 000. Bikeline.

Fahrradkarte Kiel. Eckernförde bis Hohwacht. 1:75 000. grünes herz.

Lübeck und Umgebung. 1:75 000. ADFC. Fahrradkarte Rügen & Hiddensee. 1:75 000.

Foto: Elisabeth Bakke og Steinar Lote

Kartet viser GPS-tracket vårt på AllTrails [lenke].

2019: Wien – Praha via Krkonoše

Denne turen starta same stad som den andre turen i 2013: på flyplassen i Wien (Schwechat). Men denne gongen sykla vi oppstraums i retning Wien, og sette deretter kursen for den tsjekkiske grensa. Vi var i Weinviertel på austerrisk side av grensa berre dei to første dagane. I Weinviertel hadde vi vore før, så vi visste at det var fint der, men det er ein del bulkar på terrenget.


Frå den austerrikske grensa sykla vi nordover i retning Brno, Tsjekkias nest største by, og vidare gjennom ein dal med kalksteinsgrotter til Olomouc.  Sidan bikka vi nordvestover, med kurs for Krkonoše og Tsjekkias høgaste fjell. Planen var eigentleg å sykle heilt til Praha, men sjukdom sette ein stoppar for det. Det vart derfor berre 9 sykkeldagar. Til gjengjeld vart det ein fjelltur til Sněžka.


Vi hadde litt meir varierande vêr enn året før, og regntøy kom godt med. Men sykkelvegane i Tsjekkia skuffa ikkje på denne turen heller. Tsjekkia er dessutan eit glimrande  pannekake-land, så alt låg til rette for ein bra tur.



Dag 1. Groß-Enzersdorf – Poysdorf, 76 km

Etter å ha tatt oss fram dei snaue 20 kilometrane til Groß-Enzersdorf etter ankomst Wien Schwechat dagen før, starta vi den første eigentlege sykkel-dagen med ein ganske drøy dagsetappe til Poysdorf via eurovelo 9. Det kjendest godt i mine bein, men ein flott tur, det var det. Dette var den store vindmølle-dagen. Vi sykla forbi solsikker og kornåkre, langs elver og over eit par høgdedrag. Eit par av bakkane var såpass bratte at eg måtte gå litt.


Dag 2. Poysdorf – Rajhrad, 74 km

Dagens etappe starta med ein solid frokost (3 speilegg per mann bør det jo minst vera!) og ei skikkeleg stigning. Weinviertel levde opp til namnet sitt, med vingardar både på austerriksk og tsjekkisk side av grensa. Turen vart litt lenger enn vi hadde tenkt, fordi sykkelruta på papirkartet frå 2013 viste seg å vera stengt med hengelås, og i forsøket på å finne ei alternativ rute tryna  vi nesten inn på ein motorveg og endte bokstaveleg talt på jordet. Vi kryssa den tsjekkiske grensa gjennom eit lite skogholt, etter å ha "oversett" eit skilt med INGEN ADGANG. Etter ei ispause i den fine byen Mikulov på tsjekkisk side tok vi ein frivillig motbakke for å sleppe å sykle i trafikk. Bonusen var fin utsikt.


Dag 3. Rajhrad – Skalní Mlýn, 52 km

Tredje etappe var overraskande lite slitsam. Sola skein og vi hadde nesten ikkje motvind. Vi kom oss tidleg avgarde og cruisa på flat og fin sykkelveg i retning Brno, der det vart pannekakestopp. Og for nokon pannekaker! (bilde). Heller ikkje tsjekkarane er flinke til å legge til rette for syklistar i samband med vegarbeid, så det gjekk trått å koma seg ut av Brno, men derfrå var det flott og godt merka sykkelveg langs elva Svitava (framleis eurovelo 9), som slynga seg i store meandersvingar. På slutten av dagen fekk vi ei strekke på ein kei, trafikkert veg, men ellers var det ein bra sykkeldag. Og vi tykte vi fortente ein Starobrno eller to før middag.


Dag 4. Skalní Mlýn – Olomouc, 66 km

Dette ville under normale omstende ha vore ein kremdag gjennom fantastisk flott natur, men regnet som silte ned la ein dempar på stemninga. Vi starta dagen med å sykle oppover langs elva Punkva forbi kalksteinsgrotter i eit naturreservat. Dette er eit ganske turistifisert område, men det var mest tsjekkiske turistar. Etter ein lang nedoverbakke på ein skogsbilveg kom vi kalde og våte fram til Plumlov, der vi fekk oss ein raus lunsjporsjon og varme i kroppen. Siste del av dagen gjekk på vegar som viste seg å vera meir trafikkerte enn vi trudde, men det hadde kanskje noko med vegarbeid og fredagsrush på motorvegen å gjera. I Olomouc venta ein sårt tiltrengt kviledag, som gjekk med til byvandring og klesvask. Olomouc er ein fin by og vel verdt eit besøk.


Dag 5. Olomouc – Zábřeh, 61 km

Dagens etappe skulle vore under 60 km, men det er ikkje alltid så lett å finne lunsj på ein sundag på desse sykkelturane, så det vart ein liten omveg om Mohelnice. Ruta var ganske flat og tildels svært idyllisk og følgde Morava-elva lauseleg på ein kombinasjon av grus, asfaltsykkelveg med midtstripe og småvegar. Det var pynteleg sundagstrafikk og greitt å sykle. Vi fekk ei lita regnskur på veg inn i Mohelnice, men det var berre eg som gadd å ta på regnklede. Sidan vart det ispause 5 km før mål.  


Dag 6. Zábřeh – Litomyšl, 55 km

Frå Zábřeh sykla vi nesten rett vestover i retning Litomyšl. Vi hadde ein flott start på dagen – kremføre på dedikert sykkelveg på ei nedlagt jernbaneline (alltid ein favoritt). Resten av ruta gjekk stort sett også på greie vegar gjennom mjukt bølgande landskap, bortsett frå ein kilometer med grise-trafikkert veg, men det var heldigvis nedoverbakke. Det var fin sykkeltemperatur på morgonen, men sjølvsagt begynte det å regne da vi skulle sykle oppover. Litomyšl er ein riktig søt liten by.


Dag 7. Litomyšl - Roudnička, 65 km.

Dagen starta i grått og relativt kjøleg ver, men det varsla regnet vart ikkje noko av. Ruta gjekk i småkupert terreng, mest på landsbygda. Men vi sykla gjennom mange sjarmerande små (lands)byar, og det vart kaffestopp i ein av dei – Vysoké Mýto. Lunsjen inntok vi i ein ølkjellar i Dašice, og den var fantastisk! Karane måtte også smake litt på det lokale ølet. Eg berre kontrollerte kvaliteten. Sidan vart det litt kei trafikkert veg og til slutt ein "snarveg" gjennom eit  skogholt fram til dagens overnattingsstad, ein golfresort utanfor Hradec Králové. Hotellet var bra det, og maten der var faktisk heilt utmerka.


Dag 8. Roudnička - Dvůr Králově nad Labem, 48 km.

Vi starta med å sykle dei få kilometrane inn til Hradec Králové og tok oss tid til ei lita sightseeingsrunde, før vi heldt fram langs Labe/Elben på dedikert sykkelveg – riktig flott, begge delar. Det var i det heile ein flott sykkeldag, godt og varmt og vakkert å sykle langs elva. Her var det også litt fleire syklistar, og nokon som gjekk på rulleskøyter. Ei strekning med brustein gjennom Kuks var rett nok ingen favoritt, men det var pent der. Vi avslutta med lunsj (inkludert øl!) i Dvůr Králové. Der vart vi henta med bil og kjørt til Jilemnice, der vi skulle ha ein "kviledag" - noko som i dette tilfellet berre betydde at vi ikkje skulle sykle.


I staden vart det ein tur på Sněžka, Tsjekkias høgaste fjell (1603 moh). For ein nordmann som er vant til at ein må gå til slike fjelltoppar var det litt overraskande at det gjekk gondolheis til toppen. Vi hadde tenkt å gå heile vegen, men måtte ta heis ein bit av turen oppover pga arbeid på den ruta vi hadde vald. Bremsemusklane fekk kjørt seg på veg ned igjen.  Utsikta var upåklageleg, og stigen opp gjekk i tett granskog – fascinerande (bilde).

 

Dag 9. Jilemnice – Mnichovo Hradiště, 69 km

Dag 9 av årets sykkelferie vart den siste på sykkel. Starten på dagen var ganske kupert, og inkluderte fleire motbakkar som var så bratte at eg måtte gå og nokre like bratte nedoverbakkar. Siste del av turen var slak og gjekk delvis langs elva Jizera - veldig flott. Her møtte vi fleire på sparkesyklar av den store typen, og kunne observere kanopadling på elva. Vi fekk eit par perfekt tima regnskurer medan vi åt lunsj og hadde is og kaffepause. Mnichovo Hradiště var også eit hyggeleg bekjentskap. På dette tidspunktet måtte eg kaste inn handkledet pga feber, og det vart derfor tog til Praha, der vi henta pappaskar eg hadde tinga på ein sykkelutleigebutikk til heimturen. 


Ruta finst på Alltrails [lenke].

Foto: Elisabeth Bakke og Steinar Lote

Kart: Cycloatlas Česko. 1:75 000. Shocart.

2022: Danmark frå København til Hirtshals

Etter to års opphald pga. korona var det på'n igjen - denne gongen med heile 12 sykkeldagar. Vi sette ny rekord i turlengde (782 kilometer på min sykkelcomputer), men dagsetappane var lengre på Frankriketuren. Som i 2018 starta turen på gardsplassen heime. Det er noko befriande enkelt over å sykle ombord i ei ferje og sove seg fram til startpunktet – i dette tilfellet København. 


Danmark er kjent som eit godt sykkelland, men tilrettelegginga for oss syklistar var faktisk enda betre enn vi hadde venta på førehand. Ruta var eigenkomponert og følgde i varierande grad merka sykkelruter. Både dei regionale rutene og eurovelorutene var fine, sjølv om underlaget kunne vera litt ymse. Men også der vi sykla på tvers av merka ruter var det greitt å vera syklist. På smale vegar var det brei vegskulder til oss, og summe gonger også raud asfalt. Danske bilistar var stort sett veldig greie. 


Vi starta med å sykle sørvestover frå København, og var ganske heldige med vinden dei tre første dagane. Til gjengjeld fekk vi restane av varmebølgja frå Europa. Men så fekk vi vestavinden midt i mot over Lolland på dag 4 og delvis også på veg til Fyn på dag 5. På Fyn og spesielt på Jylland var det litt fleire bulkar på terrenget, men også meir variert natur, og vinden var i mindre grad ei plage. Vi sette pris på dei grøne "leveggane" mot vestavinden. Vi hadde to-tre dagar med regn og/eller kjøleg vêr, men elles var det fin sykkeltemperatur.


Bortsett frå motvinden svarte Danmark definitivt til forventningane, men gitt tekniske uhell og sjukdom i troppen burde nok (i etterpåklokskapens klare ljos) enkelte av etappene vore litt kortare. Vi blir heller ikkje yngre med åra.




Dag 1. København – Køge, 61 km

Dagen starta på DFDS-kaia i København i gråvêr. Med mange kryss å halde styr på, var det litt krevjande å navigere seg ut av sentrum. Da var GPS'n god å ha. Sidan følgde ruta eurovelo 7 meir eller mindre til Køge, ein riktig fin liten by. Overnattingsstaden låg litt utanfor Køge, så det vart middag på golfklubben.


Dag 2. Køge – Præstø, 52 km

Vi valde den kortaste ruta gjennom jordbruksland framfor den lengre ruta langs kysten, først og fremst på grunn av varmen. Det var flotte vegar å sykle på, med lite trafikk. Aberet var den store mengda småkryp som flaug gjennom lufta og festa seg til hud og klede. Dusj var heilt nødvendig. Men med tidleg start var vi tidleg framme i Præstø og kunne nyte ein betre middag på den lokale italenske restauranten og dessutan få med oss solnedgangen.


Dag 3. Præstø – Nysted, 67 km

Det var igjen meldt varmt, og vi var derfor tidleg igang. Det var ein flott start på dagen, på lite trafikkert veg til Vordingborg. Så fekk vi gleda av å sykle over Storstrømsbrua, ei 3-4 km lang bru mellom Sjælland og Falster. Heldigvis hadde vi sidevind. Deretter følgde ei transportetappe på god sykkelveg langs trafikkert veg, før vi avslutta sykkeldagen gjennom jordbruksland ned til Nysted. Det er ein veldig vakker by, men utan det store serveringstilbodet. Med 32 grader i skuggen orka vi ikkje gå langt.


Dag 4. Nysted – Nakskov, 58 km

Nå var den verste varmen over, men til gjengjeld hadde vi sterk motvind mykje av dagen. Det vart slitsamt i lengda. Men sykkelrutene var veldig fine, nå inkludert nokre strekningar på sti gjennom skogen og på grusveg. Vi såg også dådyr på ganske nært hald. Dei kvilte i kornåkeren. 


Dag 5. Nakskov – Odense, 95 km

Det var berre ein av oss som fullførte manndomsprøva og tok heile etappa. Vi to andre juksa og tok tog eit stykke, og kunne dermed berre notere oss for 68 km. Danskane er gode på sykkeltilrettelegging på tog også. Dagen starta med ein kort tur til Tårs og ferja, deretter sykla vi over tre bruer for å koma til Fyn. Med vinden midt imot var det inga udelt glede. Vi var på dette tidspunktet litt lei av flatt landskap og motvind, men grøftekantane var utruleg flotte i all sin blomsterprakt.


Dag 6. Odense – Fredericia, 65 km

Etter ein velfortent kviledag i Odense forlot vi Fyn og sette vi kursen mot Jylland. Det vart ein veldig variert sykkeldag: sykkelfelt langs trafikkert veg først og sist på dagen, småvegar, grusveg, og sti eit lite stykke. Det var fleire bakkar enn dei andre dagane, men det var ein velkommen variasjon. Og vinden var ikkje noko problem. Derimot var det dårleg med lunsjstader langs ruta, og vi måtte ty til nødproviant frå Coop. Vi avslutta dagen med tour de France på engelsk pub med påfølgjande middag på mongolsk restaurant, begge delar utmerka.


Dag 7. Fredericia – Jelling, 50 km

Den kortaste sykkeldagen så langt på turen skulle ha vore enda kortare, men to punkteringar førte til ein omveg til ein sykkelbutikk for å kjøpe slange og dekk. Det kom dessutan ei regnskur, med behov for på- og avkledning av regntøy. Til gjengjeld vart det to pannekakestopp, den eine var noko så sjeldan som ei lunsjpannekake. Vi overnatta på ei kro som også serverte kjempegod middag - veldig praktisk! 


Dag 8. Jelling – Kjellerup, 75 km

Det vart ein fin, men litt slitsam dag på sykkelen. Kombinasjonen av lang dagsetappe, mange bakkar, fleire omgangar med regn, motvind og nok ei punktering gjorde at det tok si tid å koma fram. Lunsjen var burger og cola på ein truckstopp langs vegen, og den energien trengte vi. Høgdepunktet på dagen var kremføre på den skæve bane, ei nedlagt jernbaneline, der vi hadde medvind og slak nedoverbakke, før vi avslutta dagen på ei anna nedlagt banestrekning. Alltid ein favoritt.


Dag 9. Kjellerup – Hobro, 70 km

Dette var den kaldaste dagen, og ullundertøyet kom fram. Både denne dagen og dagen før var vi delvis på eurovelo 3 Hærvejen, som både er vandre- og sykkelrute. På dette tidspunktet var favoritten slak nedoverbakke i skog eller med leplanting mot vestavinden. Overnattingsstaden var eit feriehus med utsikt over Mariagerfjorden – riktig flott, men eit stykke å gå for å få seg middag.


Dag 10. Hobro – Aalborg, 54 km

Den siste dagsetappa før kviledag nr 2 baud på noko av den flottaste naturen på denne sykkelferien. Vi sykla på sti gjennom eit naturreservat der ei elv slynga seg fram. Turen på Hærvejen gjennom skogen, inkludert ein heilt glimrande lunsjstad, var også eit høgdepunkt. Og Aalborg var eit overraskande hyggeleg bekjentskap. Men dagen starta ikkje så bra for den eine turdeltakaren som knekte kjedet og måtte til sykkelbutikken i Hobro før han fekk starta på dagens rute. Han logga 61 km.


Dag 11. Aalborg – Børglum, 74 km


Med fint vêr i sikte bestemte vi oss for å ta ein lang omveg og sette kursen mot vestkysten. Første del av dagen var rein cruising på fine sykkelvegar, inkludert ei gammal jernbaneline. Sidan fekk vi stifte bekjentskap med dansk masseturisme og fekk prøve å sykle i sand. Det vart det fine bilde av, men festleg var det ikkje! Vi fekk ei skikkeleg skur medan vi åt middag i Løkken, men kom turre fram.


Dag 12. Børglum – Hirtshals

Den siste sykkeldagen var også den stuttaste, men det var like greit, for det var meldt regn på kvelden. Endeleg fann vi solsikker. Slutten på dagen var ein flott tur på eurovelo 1 – ei fin blanding av asfalt, grus og sti, og vi fekk til og med havutsikt på eit punkt. Verten vår tipsa oss om ein glimrande restaurant.


På avreisedagen rakk vi ein tur på fyret i Hirtshals, før Superspeed tok oss til Larvik i løpet av nokre få timar. Derfrå var det berre å hoppe på toget heimover. Alt i alt fungerte logistikken på denne turen kjempefint.




Kart: Cykelkort Nordlige Jylland & Læsø, Cykelkort Østlige Jylland, Cykelkort Fyn, Cykelkort Nordlige Sjælland, Cykelkort Sydlige Sjælland. Alle 1:100 000. Nordisk korthandel, Scanmaps.dk.


Foto: Elisabeth Bakke og Steinar Lote